Appell på demonstrasjon i Førde 2. mars av Kirsten Vikesland Mæhle, jurist og ein av initiativtakarane til Forsvar folkeretten
Innlegget vart først publisert i Firda 4. mars 2024.

På laurdag marsjerte Førde i solidaritet med Palestina. For dei siste 150 dagane er over 30 000 menneske drepne på Gaza. Nokon gjer gjeldande at startpunktet var dei grufulle åtaka 7. oktober 2023. Men det starta ikkje der. Israels folkerettsbrot overfor den palestinske folket har føregått i over eit halvt hundreår.
Dette er bakgrunnen for at 44 juristar for fem år sidan gjekk saman om oppropet Forsvar folkeretten. Initiativtakarane kunne ikkje lenger akseptere at Israel gjentatt og vedvarande, og fullstendig straffritt, fekk bryte internasjonale reglar gjennom sin okkupasjon og brot på folkeretten og menneskerettane overfor palestinarane.
Forsvar folkeretten kravde derfor at norske myndigheiter måtte gjenreise respekten for folkeretten og arbeide for at Israels langvarige og systematiske brot på dei internasjonale køyrereglane skulle bli møtt med sanksjonar.
Det krev vi enno. Og vi har blitt mange fleire. Frå 44 initiativtakarar har oppropet no tilslutning av mange hundre juristar. For vi ser det endå tydelegare i dag – Israel har fått eit handlingsrom som er med å undergrave heile det internasjonale systemet.
Og no viser det seg i form av ein katastrofe for menneska på Gazastripa.
Men det er også ei er ein katastrofe for folkeretten og den internasjonale rettsordenen. Reglar og prinsipp som er meint å beskytte individ og folkegrupper, men ikkje som ikkje minst skal beskytte vår felles humanitet.
For kva reglar skal beskytte oss viss krisa oppstår her? Viss våre barn blir drepne i hopetal, viss våre sjukehus blir bomba og våre journalistar blir målskiver?
«Krig er krig» eller «situasjonen er komplisert» hevdar enkelte. Men det vi ser på Gaza no er ikkje ein vanleg krig. Og det er ikkje komplisert. Det er etnisk reinsing og nedslakting av eit heilt folk. Det er klare og systematiske brot på folkeretten.
Difor politimelde vi hausten 2023 Israels forsvarsminister Yoav Gallant og andre militære og politiske leiarar for forbrytingar mot menneskeheita. Vi forventar at saka blir etterforska i Noreg.
Men det var Sør-Afrika som i desember viste seg som landet som verkeleg stod opp for folkeretten. Dei klaga Israel inn for Den internasjonale domstolen (ICJ) og kravde at landet vart sett under etterforsking for folkemord. Dei kravde hastebehandling og fekk det.
For over ein månad sidan, den 26. januar konkluderte domstolen – tilnærma einstemmig – med at det var fare for folkemord i Gaza og at domstolen skulle behandle saka.
Men domstolen stoppa ikkje der. Medan ein venta på ei avgjerd i hovudsaka, som kan ta fleire år, påla domstolen Israel fleire konkrete hastetiltak for å stanse dagens risiko for folkemord. Sjølv om domstolen ikkje kravde det uttrykkeleg, så ville ei etterfølging av desse pålegga ikkje vere moglege utan ei umiddelbar våpenkvile.
Domstolen påla Israel å:
- innføre alle tiltak for å hindre eit folkemord
- med ein gong å sikre meir humanitær hjelp til sivile i Gaza
- sørgje for at det israelske militæret ikkje handlar på ein måte som bryt med folkemordkonvensjonen
- hindre og straffe direkte og offentlege oppfordringar til folkemord
- levere ein rapport til domstolen om kva tiltak dei har gjort for å hindra eit mogleg folkemord innan ein månad.
Denne rapporten skal ha blitt levert førre veke. Skal tru kva som står i den. For kva har skjedd sidan den gong?
Jo, same dag som ICJ avsa si avgjerd kom skuldingane mot FNs hjelpeorganisasjon for palestinske flyktningar, UNWRA, som førte til at USA og dei fleste av dei største givarlanda stansa støtta si. Den humanitære hjelpa vart ikkje auka, slik ICJ kravde, den vart kutta og den humanitære situasjonen på Gaza er verre enn nokon kunne tenke var mogleg. Stogginga av støtta til UNWRA er ei kollektiv straff – endå eit brot på folkeretten. Noreg gjekk heldigvis motsett veg og auka støtta. Espen Barth Eide skal ha ros for at han her stod fram med ei klar og tydeleg stemme som tala makta imot. Andre land står i fare for å gjere seg medskuldige i folkemord.
Sidan 26. januar har Israel drepe over 4000 fleire menneske. Over 30 000 menneske er drepne på 150 dagar. Det er ufatteleg!
Denne veka har vi sett over hundre personar bli drepne og mange hundre såra, medan dei venta på å få utdelt mat i Gaza by.
Sidan avgjerda til ICJ i har vi vidare høyrt grusomme vitnemål frå beleiringa av Nassar-sjukehuset. Og vi har høyrt den desperate stemma til seks år gamle Hind som bad om hjelp medan ho venta i timesvis åleine og livredd i ein bil med sine drepne slektningar rundt seg, før ho vart sjølv vart drepen. Dei to ambulansearbeidarane som vart sende for å redde henne og som til slutt fekk løyve til det, vart også drepne.
Vi har sett biletet av sju år gamle Sidra – jenta på veggen. Bomba, drepen og lemlesta i sin egen heim. Eit bilete som ha brent seg fast i minnet til alle som har sett det.
Vi har sett tvillingjentene Wesam og Naeem som berre rakk å bli fire månader. Fødde og drepne i same krig.
Vi har sett biletet av det friske fjeset til vesle Anhar side om side med biletet som vart teke like før ho døydde av svolt. Eit bilete som er som tatt ut av ei av historiebøkene om konsentrasjonsleirane under andre verdskrig. Det skulle aldri skje igjen!
Vi har sett så mange bilete av livlause barn, lemlesta barn, barn utan foreldre, foreldre utan barn. Og det er umogleg å ikkje sjå sine eigne barn. Eg har sjølv ei jente som er fem år. Det er aldersgruppa med høgst dødsrate i Gaza.
Ikkje minst har vi sett resultatet av eit Israel som nok ein gong har fått operere etter heilt eigne reglar. Og av eit verdssamfunn som har svike folkeretten ved å la bryte den igjen og igjen, utan sanksjonar og utan konsekvens.
Israal er sjølvsagt ikkje heva over internasjonal lov. Ingen land er det. Men folkeretten er illusorisk om ikkje brot på den blir sanksjonert. Derfor må vi forsvare folkeretten og vår felles humanitet, og krevje at Israel blir stilt til ansvar for lovbrota sine. Det er nødvendig akkurat no for å beskytte det palestinske folket, men også fordi det i neste omgang kan vere vi som har behov for beskyttelse.
Endring tar tid, men alle tiltak, alle protestar, alle handlingar – små og store – bidreg og medverkar. Og noko er i ferd med å skje. Vi såg det i Førde på laurdag. Vi ser det i resten av verda. Det er nok no!

Du må være logget inn for å legge inn en kommentar.